1.4.12

Nyhende...

Si sist har det skjedd saker og ting i fotballspelarane sitt liv. Me har flytta frå Laksevåg og til Kronstad. Ragnhild går fortsatt på juss, men har endra sivilstatus. Ingrid Marie er ferdig på høgskulen og har begynt å jobbe i barnehage. Ein blogg kan eigentleg vere ein fin kanal for å informere om diverse nytt som skjer, og i det høve har me litt fleire nyhende å kome med. Me har nemleg spleisa på denne leiligheita som me bur i no, her vil me pusse opp og lage ein fin leilighet/dyrebutikk som kan betale ned for studilån samt boliglån. Me har stor tru på at ein dyrebutikk vil gå godt her på Kronstad. Sidan me tidlegare har erfaring med akvariefisk, vil me nok satse mest på dette.
Velkommen skal det vere alle saman!

No comments: