Den eine byrjar så vidt å få hår på hovudet! Hurra!
6.5.12
24.4.12
Det vårast
No livnar det i lundane, og me ser at det lauvast i lia og. Det er ikkje anna enn rett og rimeleg at det vårast litt her i leiligheten når det blømar andre stader. På terrassa er margerittane på plass, og på kjøkkenet har me kvar vårt gras-hovud som me ventar i spenning på at skal spire. Så no er det berre å følge med, me vil sjølvsagt oppdatere deg på korleis det går med grashåret! ;)
1.4.12
Nyhende...
Si sist har det skjedd saker og ting i fotballspelarane sitt liv. Me har flytta frå Laksevåg og til Kronstad. Ragnhild går fortsatt på juss, men har endra sivilstatus. Ingrid Marie er ferdig på høgskulen og har begynt å jobbe i barnehage. Ein blogg kan eigentleg vere ein fin kanal for å informere om diverse nytt som skjer, og i det høve har me litt fleire nyhende å kome med. Me har nemleg spleisa på denne leiligheita som me bur i no, her vil me pusse opp og lage ein fin leilighet/dyrebutikk som kan betale ned for studilån samt boliglån. Me har stor tru på at ein dyrebutikk vil gå godt her på Kronstad. Sidan me tidlegare har erfaring med akvariefisk, vil me nok satse mest på dette.
Velkommen skal det vere alle saman!

20.3.12
11.3.09
Subscribe to:
Posts (Atom)




