21.2.08











Så var torsdagskvelden kome, kvelden då det var tid for å treffe litt andre Bildøy-folk igjen. På (den utruleg herlige) kinaen på Klepp traff me Johanne, Anne Gro og Magnhild, noko som var eit kjærkoment syn. Her åt me oss stappmette, før me satte kursen til Ragnhild. Der vart me heller kort tid, for me fann ut at me ville sjå på Bildøy-dvd'en. Og sidan R sin ligger på BBB, reiste me til Johanne. Der såg me på film og mimra om det fantastiske fjoråret:)

Onsdagen vår på 5 punkt (sidan me lovte oppdateringar):
- "Prinsesse for en dag", bryllupskjoleutstilling (var me ikkje giftesjuke før, er me det i alle fall no)
- Shop till you drop
- Pasta på Pasta Fresca, 45 min og så var pastaen ete opp (og me så mette at me kunne rulla heim igjen)
- Mix Iran Import i Sandnes (riskuler med yogurt-trekk)
- Kino, Juno

1 comment:

Kjersti said...

Ser ut som dåkke har hatt det heilt supert!:D Kjekt med oppdatering av ein innholdsrik ferie, bare så synd at eg ikkje var der...;)