
Sjokolade, sjokolade, sjokolade! Eg trur Ragnhild har blitt nokså vant med mitt lille behov for sjokolade om dagane... Når eg no etter helga hadde gått tom for alt som heitte godteri var det eit aldri så lite behov for å gå til Sartor. Så Teneste 1 arrangerte linjetur til Sartor. Etter kvelds skulle me gå, og me hadde funne ut det gjekk buss tilbake. Det hadde regna litt om morgonen, men så hadde det vore greitt ver om dagen, så me fant ut at me ikkje trengte regnkle, men gjett ka som venta oss når me kom ut dørene frå Hålen! Regn og vind. Men me ga ikkje opp! (og gjekk heller ikkje og hente regnkle :-\..) Me kavde oss fram i veret.. vel 300 m. frå Bildøy kjente eg at buksa var så våt at det rant vatn nedi støvlane.. og verre blei det.. Me kjempa oss fram den ca. halve timen det tar å gå til Sartor, i pøs regn, kalde og fæle. Men målet blei nådd, for på Obsen har de masse sjokolade! :D
2 comments:
Sjokolade e bra, men pæra og mango e bedre;P
Lenge leve brus- og godtefrien! (Spørs om eg klare meg t jul, men det pleide å gå strålande på vgs...)
Eg kjenne eg snart har litt pepsi max-abstinens, godt at det e tomt for pepsi max i brusautomaten (jadda, eg har sjekka det, men eg har bare kjøpt brus der ein gong ass)
Snakkes kompis
Berre vent te du kjem te Lepsøy imåro... Her får du regn, skodde, snø, sol, vind og masse anna på unda haltimen... I tillegg slepp du å gå 300m te kiosken... Dessuten har me eit SINNSJUKT utvalg for tio... Da blir konge!!! Eg ska spandera sjokolade på deg når du kjem... Suss og nuss... Heia teneste1 linjo...
Post a Comment